Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Eit tradisjonsrikt familiebakeri

Tonstad Bakeri AS finn du midt i Tonstad sentrum i Sirdal kommune. Her har me eit bakeri kor me produserer varene våre, ei lita butikkavdeling og ei koseleg vinterstove. Det meste av det me produserar lagar me på "gamlemåten", noko som gjer ein heilt eigen "heimelaga" smak på produkta våre. 

Bakeriet vart grunnlagd av Peder Selmer Tonstad i 1936. Saman med kona Dagny dreiv han bakeriet i 39 år, før drifta vart teken over av sonen Svein Sturla Tonstad, som i dag driv bakeriet saman med kona Borghild og dottera Dagny Irene. 

Den gong Peder starta opp bakeriet gjorde han det i Ytregarden 12. Her hadde me bakeri heilt fram til 2012. Då opna me det nybygde bakeriet rett med riksvegen. Her ligg me ypperleg til for ein stopp for dei som er på gjennomreis og for dei fastbuande som trufast støtter opp om bakeriet. 

Kver dag har me to-tre bakarar på fulltid som sørger for ferske varar kver dag frå mandag til laurdag, og tre-fire ekspeditører som møtar kundane med eit smil.

I tillegg til eige utsal, finn du óg brød frå oss hos Nærbutikken Tonstad, Joker Sinnes, Sirekroks Landhandel på Åmli og Coop Gyland.

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter

Logg inn