Produktutvalet vårt
Hos Tonstad Bakeri finn du noko for kvar ein smak – enten du er ute etter noko søtt, salt, tradisjonelt eller allergivennleg.
Brød og gjærbakst
Kvar dag bakar me meir enn ti ulike sortar brød – mellom anna det populære Sirdalsbrødet, laga etter lokal tradisjon. Me tilbyr òg eit utval søt gjærbakst: skolebollar, kanelsnurrar, bollar (med og utan rosiner), tolvøres, prinsessebollar, tebrød, wienerbakst, kringler, fruktsnittar og jødekaker. I sesong har me òg smultringar, berlinarbollar, kransekaker og tradisjonelle julekaker.
Tilbod: 3 brød for 109 kr på utvalde sortar – eit godt høve til å fylle opp brødboksen!
Kaker til alle høve
Me lagar marsipankaker, fløtekaker, sjokoladekaker, marengskaker og meir – skreddarsydd til konfirmasjon, dåp, bryllaup, bursdagar, minnesamvær og kvardagsgleder. For spesialdesigna kaker anbefaler me å bestille minst to veker i førevegen. Kom gjerne innom eller ring for å planleggje noko heilt unikt!
Smørbrød og påsmurt
Me har alltid ferske horn, rundstykke og frokostbrød i disken, og tek gjerne bestilling på smørbrød til møter og selskap. Ved bestilling av meir enn 100 smørbrød får du rabatt.
Glutenfrie alternativ
Me tilbyr glutenfrie brød og bakverk frå Elda bakeri i Sandnes – eit godt alternativ for deg som treng noko fritt for gluten. Blandt anna fine og grove frokostbrød og baguettar som me gjerne smørjer for deg – frå vårt eige, separate kjøkken.
Litt ekstra på kjøpet
I butikken vår finn du også eit utval produkt frå utvalde merke:
RICE – fargerikt interiør og kjøkenutstyr
BLOOMINGVILLE - moderne interiør
CREATIVE COLLECTIVE - moderne interiør
MP OG CONDOR - strømper og sokker til baby/barn
JOHA - baby- og barneklede
WHEAT - baby- og barneklede
NORA OF NORWAY - smykker, øyredobbar og anna accessories
NICOLAS VAHE - krydder, oljer, siruper
CACAS – kakepynt, konditorfargar og bakeutstyr
PUKKA – økologisk te i mange variantar
Velkomen innom!
Du kan handle rett frå disken, eller bestille på førehand – perfekt til store og små anledningar. Me hjelper deg gjerne med å finne det som passar best.
Kontakt oss her:
E-post: post@tonstadbakeri.no
Telefon: 38370122